Hotell

Airbnb og lignende utleiere, like store som hotellbransjen i Rogaland

Hotellbransjen har dei siste åra fått stor konkurranse frå den populære utleigesida Airbnb.

Publisert Sist oppdatert

­Ifølgje Region Stavanger finst det rundt 2500 overnattingsstader på Airbnb i Stavanger-regionen. Til samanlikning har same område 5000 hotellrom.

Dersom me tek med i reknestykket at dei fleste Airbnb-einingane har fleire senger, meiner reiselivsdirektør Pål Morten Haarr at det er rundt like mange bumoglegheiter på utleigesida som det er på hotella.

– I det stille har dette vorte veldig stort. Det har rett og slett teke heilt av dei siste åra. Ei dobling og vel så det, seier han til NRK Rogaland.

Ifølgje Haarr kjenner hotella på konkurransen frå Airbnb.

– Hotella vil vere opptekne av at dei må ha same rammevilkår. Hotell må levere på harde standardar knytt til rutinar, tryggleik og protokollar.

8,6 milliarder i utleigeinntekter

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var det i desember i fjor 86.253 tilgjengelege hotellrom. Til samanlikning var det i 2022 omtrent 99.838 «utleigeobjekt», altså hus, leilegheiter eller hytter, på Airbnb, ifølge Skatteetaten.

Airbnb-utleigarar og andre hadde 8,6 milliardar kroner i utleigeinntekter. Det har auka frå 6,1 milliardar i 2021 og 5,3 milliardar i 2020.

I Stavanger-regionen er det samstundes 8 prosent færre hotellovernattingar så langt i år enn i same periode i 2019. Det er heile 25 prosent færre utanlandske hotellovernattingar.

Bør ha registreringsplikt

NHO Reiseliv meiner Airbnb og andre som driv med korttidsutleige av bustad bør få obligatorisk registreringsplikt.

– I EU vurderer ein å stille krav om registreringsplikt. Dette er allereie innført i Amsterdam, ein by som har hatt utfordringar med overturisme. Vi meiner det er naturleg at Noreg følgjer utviklinga i Europa, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

NHO meiner kommunar treng ei slik oversikt når dei skal planlegge for mellom anna studentbustader, parkering og kollektivtransport.

– Blir det for få utleigeeiningar for innbyggjarane i kommunen, må ein ha eit større trykk på bustadbygging, seier Krohn Devold.

Les hele saken her:

https://www.nrk.no/rogaland/fleire-utleigeobjekt-pa-airbnb-enn-hotellrom_-_-teke-heilt-av-dei-siste-ara-1.16621161

Powered by Labrador CMS