Fortsatt vekst i utenlands flytrafikk
4,8 millionar reisande nytta alle Avinor sine lufthamner i august. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med august i fjor.
Ein stor del av veksten kjem av utanlandske turistar til Noreg. Det er persontrafikken utanlands som aukar, med heile 8 prosent. Innlands persontrafikk gjekk tilbake med 1 prosent samanlikna med august i fjor.
- Vi ventar at auka i utanlandske turistar vil halde fram i åra som kjem. Denne utviklinga har vi sett ein god stund nå, og våre prognosar viser at denne utviklinga vil vare ved. Sjølv om tala og inneheld norske reisande til utlandet, er veksten i hovudsak driven av utanlandske turistar, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
2,470.278 passasjerar reiste innanlands i august. Dette er 1 prosent færre enn i august i fjor. Talet på reisande utanlands var 2,259.174, noko som er 8 prosent høgare enn august førre året.
Det var 54.595 kommersielle flyrørsler i august, 3 prosent færre enn i august i fjor.
Nylige artikler
Ikke avgift på hotellovernatting i Danmark, men på cruisepassasjerer
Arbeidstilsynet styrker innsatsen for arbeidsmiljøet i overnattings- og serveringsbransjen
Stadig flere ønsker at julebordet skal være mer enn bare en middag
Widerøe kåret til Europas beste regionale flyselskap
Virke: Statsbudsjettet 2027 – ingen styrkning av norsk reiseliv
Mest leste artikler
June Johansson blir hotelldirektør for The Hoxton Oslo
Flere hundre taxisjåfører utestengt fra Gardermoen etter svindel
Oslo-restauranter kjøpte stjålet kjøtt fra matbutikker
Norske hoteller med sterk vekst i tredje kvartal og september
Tromsø-hotellene vokser kraftig med økt rombelegg