Utenlandske turister sørget for vekst i flytrafikken i januar
I januar nytta 3,5 millionar passasjerar Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på ni prosent samanlikna med januar i 2024. Størst er auken blant utanlandsreisande, der talet på reisande gjekk opp med 13 prosent. Talet på innanlandsreisande er seks prosent høgare enn i januar i fjor.
– Inngangen på året har vist sterk utvikling, der talet på utanlandsreiser er hovuddrivaren. Veksten i talet på utanlandsreisande er prega av den sterke auken i turisme til Noreg som vinterdestinasjon. Noreg stikk seg stadig meir ut som ein attraktiv destinasjon i den internasjonale konkurransen om vinterturismen, forklarer Gaute Skallerud Riise i Avinor.
15% flere utenlandske overnattinger i Oslo i 2024
Christian Lunde i VisitOSLO har óg tal frå Osloregionen som stadfester utviklinga:
– Vi har i 2024 opplevd ei overraskande interesse, og vekst, frå den internasjonale marknaden. Noreg har blitt sett på kartet gjennom alt frå nordlysturisme til spannande byar å gjeste. I 2024 har Oslo ein vekst på 15 prosent fleire utanlandske overnattingar, og 40 prosent av all overnatting var internasjonal. Berre i årets siste månader har den internasjonale veksten vore høvesvis 28 prosent i oktober, 34 prosent i november og 26 prosent i desember for Osloregionen, samanlikna med 2023.
Vi opplever at vinterturisme til Oslo og Noreg er ein trend som vil forsterke seg. Fleire direkteruter og eit opplevd «eksotisk» klima er viktige drivkrefter, i tillegg til høg kvalitet i heile besøksnæringa, seier Christian Lunde, administrerande direktør i VisitOSLO
Fullare fly og meire frakt
Det var 47.289 flyrørsler i januar. Det er om lag tre tusen fleire enn i januar i 2024, og ein auke på seks prosent.
På same tid auka talet på passasjerar med ni prosent. – Dette fører til auka fyllingsgrad på flya, og er positivt for utnytting av flykapasiteten i den norske marknaden, held Gaute Skallerud Riise fram.
Størst vekst for dei mindre
Det er dei regionale lufthamnene (DRL) som hadde størst prosentvis samla vekst i januar, med ein auke på heile 17 prosent.
Dei store lufthamnene (Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger) auka óg, men for dei er den samla passasjervekst på sju prosent i januar samanlikna med januar i fjor.
Nylige artikler
Cognizant og Travelport vil utvikle verdens første AI-integrerte globale plattform for salg av reisetjenester
Radisson Hotels inngår samarbeid for å sikre mer enhetlige gjesteopplevelser på tvers av hotellporteføljen
Lanserer Wolt Capital i Norge – vil gi lokale virksomheter rask og oversiktlig finansiering
Nordmenns kaffedrikking og konsum
Sterkt resultat for Norwegian-konsernet i sommer
Mest leste artikler
BNO Travel sikter mot 25.000 overnattingssteder i 2026
Thon+ samler 60 kundeklubber i én lojalitetsplattform
Pincho Nation vil åpne 20 restauranter i Norge
Jafs vil vokse til 90 serveringssteder i Norge
Hotel Caledonien i Kristiansand blir egen merkevare i Heimr Collection