Reiseliv

Antall flypassasjerer fortsatt ikke på 2019-nivå

4,8 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er 15 prosent fleire enn i juli i fjor, men 5 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

Publisert Sist oppdatert

­– Vi har hatt litt fleire reisande i juli enn i juni, og juli går dermed inn som månaden med flest reisande i år, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Kombinasjonen av jobb- og feriereiser gjer at juni som oftast er månaden med mest trafikk, men i år ser vi at juli har litt høgare volum. Juli er i langt større grad prega av ferietrafikk, og samanlikna med juni har innanlandsreiser gått litt ned, medan utanlandsreiser har gått opp.

– At juli i år er månaden med høgast trafikk, til skilnad frå 2019, kan nok kome av at ferie- og fritidsreiser har henta seg inn att mykje sterkare enn arbeidsreiser, og då kjem toppen i juli framfor i juni, seier Riise.

Passasjertal

2.268.000 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 17 prosent fleire enn i juli 2022. Trafikken utanlands, med 2.528.342 passasjerar, har auka med 14 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8 prosent lågare enn i juli 2019.

– Det er ein markant auke i antal reisande samanlikna med i fjor, både innanlands og utanlands. Årsaka kan nok i stor grad forklarast av streikane i luftfarten her i landet og utfordringane på flyplassane i Europa i fjor sommar, seier Riise.

Flyrørsler

Det var 62.027 kommersielle flyrørsler i juli 2023. Dette er 4 prosent fleire enn i juli i fjor. Om ein samanliknar med juli i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 8 prosent.

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 11 prosent bak normalåret 2019. Talet på flyrørsler så langt i år er 7 prosent bak 2019.

Powered by Labrador CMS