Utenlandstrafikken driver veksten i flytrafikken i mars
I mars reiste om lag 4,43 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Utviklinga heng saman med at fleire flyr til og frå utlandet, medan talet på innanlandsresande óg hadde ein moderat vekst.
Talet på utanlandsreisande auka med 6,4 prosent i mars samanlikna med fjoråret, medan talet på innanlandsreisande steig med rundt 2 prosent. Totalt viser tala at fleire reiser både innanlands og til utlandet.
Høgare passasjertal og færre flyrørsler
Sjølv om passasjertala for alle Avinor sine lufthamner auka i mars, gjekk talet på flyrørsler noko ned. I mars blei det registrert om lag 58.400 flyrørsler, ein reduksjon på rundt 2,4 prosent samanlikna med fjoråret. Dette indikerer at flya i gjennomsnitt hadde fleire passasjerar per avgang enn tidlegare og dermed høgare kabinfaktor.
Bergen lufthamn med sterkaste vekst
Bergen lufthamn Flesland hadde i mars den sterkaste passasjerveksten blant landets største lufthamner. Over 541.000 passasjerar reiste via Bergen i løpet av månaden, noko som er nær 6 prosent fleire enn i mars i fjor.
Veksten var særleg høg blant utanlandsreisande, som auka med meir enn 13 prosent, medan talet på innanlandsreisande òg hadde ein tydeleg oppgang. Dermed styrkjer Bergen si rolle som ei sentral lufthamn for både Vestlandet og internasjonale reiser.
Nylige artikler
Statsbudsjett - få nyheter, men noen lyspunkter for reiselivet.
Svekket markedssituasjon for norske reiselivsbedrifter
McDonald's åpner restaurant nummer 100 i Norge
Hun skal lede det nye Hoxton-hotellet i Oslo
Svak økning i konkurser for serveringsbransjen hittil i år
Mest leste artikler
Flere hundre taxisjåfører utestengt fra Gardermoen etter svindel
Nordre Follo vil ha hotell ved NFFs treningsanlegg i Ski
Booking Holdings og Expedia kontrollerer 85 % av Europas OTA-marked
Norske hoteller med sterk vekst i tredje kvartal og september
June Johansson blir hotelldirektør for The Hoxton Oslo