Fjellam frå Ryfylke fikk prestisjefylt og historisk anerkjenning
Gladmatfestivalen i Stavanger startet onsdag 26. juni og på åpningsdagen blei Fjellam fra Ryfylke tildelt Beskytta geografisk nemning.
– Dette er ein historisk milepæl! Eg er stolt over å kunngjere at Fjellam frå Ryfylke no har status som Beskytta geografisk nemning. Det er første gong eit produkt frå Ryfylke får denne anerkjenninga, sa landbruks- og matminister Pollestad under opninga av Gladmatfestivalen i Stavanger.
– Dette er òg ein stolt dag for Ryfylke. Dette stadfestar den unike og lange historia og den flotte kvaliteten på lammekjøtet som kjem frå desse fjellområda. Fjellam frå Ryfylke er eit bevis på kva svært godt arbeid over lang tid og naturens gåver kan skapa saman, heldt statsråd Pollestad fram.
Fjellam frå Ryfylke er kjend for førsteklasses kjøt. Lamma beitar minst åtte veker på næringsrike fjellbeiter over 500 meter i Ryfylkeheiane og blir leverte til slakting så snart som mogleg etter sanking, seinast 1. november. Dette gir kjøt med god smak og høg kvalitet.
Området dekkjer Ryfylkeheiane, inkludert kommunane Hjelmeland, Sandnes, Sauda, Suldal, Stavanger og Strand i Rogaland, samt mindre fjellområde i Ullensvang i Vestland, Bykle og Sirdal i Agder og Gjesdal i Rogaland.
Den høge kjøtkvaliteten skuldast gode beiteforhold og dyktige sauebønder. Målretta avlsarbeid har tilpassa sauene til beiteområda og sikra god dyrehelse. Nøye utval av lamma ved slakting gir jamn og høg kvalitet.
– Dette er ein av våre finaste råvarer og frå eit av våre vakraste område. Sjølvsagt skal Fjellam frå Ryfylke ha Beskytta geografisk nemning på lik linje med Sider frå Hardanger og Tørrfisk frå Lofoten. Beskytta nemningar er eit av dei viktigaste grepa vi har for verkeleg å bli ein matnasjon, seier administrerande direktør i Stiftelsen Norsk Mat, Nina Sundqvist.
I Ryfylke har det blitt halde husdyr heilt tilbake til steinalderen for 4-5000 år sidan. Sauen var eit nyttig husdyr, for den hadde mykje å gi i sjølvbergingshushaldet – ull, skinn, kjøt, talg, mjølk og gjødsel. Rogaland har i nyare tid vore det mest sauerike fylket i landet. Gjennom mange tiår har kvar femte sau i Noreg heldt til i Rogaland.
Det er Mattilsynet som foretar endeleg godkjenning av ein søknad om vern, medan Stiftelsen Norsk Mat administrerer ordninga og har nasjonalt ansvar for informasjon og marknadsføring av merkeordninga. I Noreg har vi per i dag 34 produkt med slikt vern.
Nylige artikler
NorgesGruppen setter av nye 100 mill. til å støtte miljøprosjekter
Brim Explorers to nye trimaraner sjøsettes til våren
Singapore Airlines nok en gang kåret til verdens beste flyselskap
En møteplass for hele Motor-Norge
Bergen kåret til Europas beste by å bo i
Mest leste artikler
LEV Collection åpner små urbane hoteller og utfordrer Airbnb
Verdens 50 beste hoteller 2026 – Rosewood Hong Kong på topp
Anders Elde skal lede Citybox Tromsø, Nord-Norges største hotell
Overtidsbetaling for merarbeid kan koste reiselivet 2 milliarder
Datatilsynet gransker Thon, Strawberry og Citybox etter svindelforsøk